Lie vurderer stiftinga Fjell Festning
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Drifta av Fjell Festning gjekk i 2009 med eit underskot på 270.000 kroner. Det er Museum Vest som står for drifta av anlegget. Stiftinga Fjell festning si oppgåve er å vedlikahalda, opprusta og utvikla festningsanlegget. Museum Vest har skissert fire moglege løysingar for å få ei forsvarleg økonomisk drift. Det er føreslått at Museum Vest får tilbakebetalt driftsunderskotet  i 2009 fordelt på to avdrag i 2010 og 2011. I tillegg er det aktuelt å auka det årlege tilskotet frå Fjell kommune som i 2010 er på 800.000 kroner. Saka skal drøftast i komité for drift tysdag 8. Juni, og rådmannen i Fjell legg saka fram utan innstilling. Ordørar Lars Lie seier til Radio Sotra at han er uroa over den økonomiske utviklinga ved festninga, og utelukkar ikkje at stiftinga kan bli oppløyst som ei følgje av dette.