Vinteren sleit ut vegane i Øygarden
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Den strenge vinteren i vest har slite hardt på vegane i Øygarden. No legg rådmannen fram ei liste med totalt elleve vegar som bør reasfalterast. Deler av vegen til Dalsneset, vegstrekningane Sjåneset – Dale, Toftedalen – Dalekletten, og vegen til bustadfeltet i Torsvik er blant vegstrekningane han meiner må rustast opp. Stabbemurane på Hellesøy og i Breivik har også fått omfattande skadar i løpet av vinteren, og rådmannen meiner desse bør reparerast av omsyn til trafikktryggleiken. Saka vart lagt fram for drøfting i komité for teknikk i dag.