Krev miljøundersøking i Knarrevik
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Rådmannen i Fjell går inn for at det vert gjennomført ei ekstern miljøteknisk undersøking i hamnebassenget i Knarrvik. I ei sak til komité for finans og forvaltning (KFF) vert det føreslått å kontrollera oppsamlingstankar med tilhøyrande røyrsystem og eventuelt sediment. Det vert også bede om aktuelle tiltak som bør setjast i verk mot forureining. Det er registrert fleire tilfelle av oljeforureining i hamnebassenget i Knarrvik. Det største utsleppet i den seinare tida vart registrert i september i fjor. Då vart det meldt om oljefilm på sjøen så langt nord som ved Hauglandsosen ved Askøy. Det synte seg at oljefilmen kom etter utslepp av spillolje. Saka skal drøftast i KFF tysdag åttande juni.