Sund må betale 500.000 kr. i bot
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Sund kommune har fått ein bot på 500.000 kr. frå Klagenemda for offentlige anskaffelser (KOFA) for ikkje ha utlyst anbod på 2. byggjesteg av utvidinga av vegen til Telavåg. Første byggjesteg var mellom Spildepollen og Selstø. Overskotsmassar og andre tilhøve gjorde sitt til at vegen blei utvida vidare til Nipen som eit 2. byggjesteg. Kommunestyret vedtok at entreprenøren for 1. byggjesteg også skulle få resten av arbeidet då politikarane såg på det som ei vidareføring av jobben, og at dette dermed ikkje skulle ut på anbod. Det kanskje mest spesielle med denne saka er at det ikkje var andre entreprenørar som klaga på framgangsmåten til Sund kommune. Det var derimot Sund Framstegsparti som leverte inn klage då dei ikkje fekk gehør hos fleirtalet på at arbeidet  måtte ut på anbod. Dermed har politikarane i Sund direkte vore med og svekka kommuneøkonomien med ein halv mill. kr.