Nok ei trafikkulukke på Fjell gard
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 
For andre gang på få månader har ein fotgjengar blitt påkjørt i ein fotgjengarovergang på Fjell gard. Litt etter kl. 16 i dag kjørte ein 47 år gammal kvinneleg bilist på ei 18 år gammal jente i det ho var i ferd med å krysse riksvegen. Jenta blei henta av ambulanse og frakta til lege, men ho har heldigvis ikkje kome alvorleg til skade. Politiet etterforskar no saka.