Over 10 år til nytt Sotrasamband står klart
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Eit nytt Sotrasamband vil tidlegast stå klar til bruk i 2021. Det opplyser ordførar i Øygarden Olav Martin Vik.  Det var sist veke at Magnus Nataas frå Statens vegvesen var og orienterte Regionrådet Vest  om status og framdrift når det gjeld eit nytt samband til Sotra og Øygarden.  Olav Martin Vik er leiar for Regionrådet Vest som består av Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kommune, og han konstaterer at innbyggjarane vest om Sotrabrua må smøre seg med tålmod i mange, mange år enno før det nye sambandet er på plass.