Eli Berland blir Fjell Høgre sin ordførarkandidat
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Med eit stort fleirtal har nominasjonsmøtet i Fjell Høgre i kveld bestemt at Eli Berland blir Fjell Høgre sin ordførarkandidat ved haustens kommuneval. Nominasjonsnemnda hadde føreslått Jan Utkilen på første plass med Eli Berland på andre plass, men nominasjonsmøtet ville det annleis. Berland fekk 61 røyster medan Utkilen fekk 14.  Nominasjonsmøtet bestemte også at dei seks første plassane skulle vere kumulerte. På dei neste plassane etter Berland følgjer Tom Georg Indrevik, Jan Arthur Nilsen og Kirsten Syljeset. Etter å ha tapt kampvoteringa gav Jan Utkilen beskjed om at han ikkje ville stå på kumulert plass på lista.