Sund kan kome til å gå for tofelts bru
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Eit samla Sund kommunestyre vil ikkje støtte Fjell kommune sitt syn om å få ei ny firefelt bru til Sotra dersom ikkje vegen frå Kolltveit til Sund blir utbetra slik kommunen har vore førespegla. Det kom fram då Sundpolitikarane i går hadde ein lang diskusjon om fastlandssambandet. Dermed kan Sund kome til å velte prosjektet eit stort fleirtal i Fjell kommunestyre så sterkt ønskjer seg. Det er den usikre situasjonen rundt finansieringa av nord-sør sambandet på Sotra som gjer at Sundpolitikarane kan kome til å gå for ei ny tofelts bru som deira tilråding til løysing mellom Sotra og fastlandet. Dermed kan alliansen mellom Fjell, Sund og Øygarden slå sprekkjer. Fjell kommune har invitert Sundordførarane til eit møte førstkomande måndag for å få diskutert den fastlåste situasjonen.