Fjell skular har gjort reint bord i 12-rette konk
 
Klikk her for å se stort bilde (W.0)  X  (H.0) .
 
 

Finalelaga i spørjekonkurransen 12-rette er no klare. I år er det klart for eit oppgjer mellom fire skular i Fjell kommune, ettersom dei siste laga frå Sund og Øygarden blei slått ut i semifinalane.
Dei skulane som er klare for finalen er: Bjorøy skule, Liljevatnet skule, Misje skule og Brattholmen skule.
Finalen går av stabelen laurdag 26. mars kl. 13.30 på Sartor Storsenter.
I år er det 10 gongen 12-rette konkurransen blir arrangert. Ingen skular har så langt vunne konkurransen to gongar, men i år har Brattholmen skule sjansen.Heile 27 barneskular har vore med på 12-rette denne sesongen.
Det er ny rekord. Tidlegare vinnarar av 12-rette er: Algrøy skule, Blomvåg skule, Brattholmen skule, Ekerhovd skule, Knappskog skule, Kolltveit skule, Landro skule, Skogsvåg skule og Toftøy skule.